søndag 10. oktober 2010

Hurtigruta fra Mehamn

I september tok ein tur ut på Vevikneset for å se på den nydelige himmelen når sola var på vei ned, og sjølsagt med hurtigruta på tur ut. Eg trur det til og med var Midnattsol.

Eg måtte bare eksperimentere litt med mobilkameraet. Stilig å få eit anna perspektiv på horisonten d:)



mandag 26. juli 2010

Båttur med Odd Tore

I forbindelse med konfirmasjonen til Stian fekk nokre gjester som var sjøsterke nok, mulighet til å dra på båttur med Odd Tore. Det var koselig tur, med å hente opp ei krabbeteine full av krabber. Det blei fersk krabbe på kok...nydelig mat!!!

Einaste aberet var at vi fekk motorstopp ei stund...så vi låg i drift ut fra fjorden som vi henta krabben. Rett før hjelpen kom...så fekk vi start på motoren igjen. Hm...fundere på om det er noe med at du skal ikkje ha sekk ombord i båter :) Eg huska å ta bag denne gangen!!!

Nydelig kongekrabbe!!!

Eg turte å ta opp kongekrabben...litt skummelt før eg holdt den!


mandag 5. april 2010

Påsken 2010

Vi var eit gjeng som drog på isfiske på eit "hemmelig" vatn. Odin koste seg der han gjekk laus og fekk snusa på gamle elgspor og traff ukjente folk på isen og ei kjent turvenninne av seg. Dei fekk herja litt på vatnet og han prøvde å nå igjen skuterne. Men måtte gi opp da han snubla i snøen for at han datt igjennom den blaute snøen:)

Det er kjekt å dra ein tur på isfiske. Særlig når ein er så heldig å få nokre fisk på kroken og :) Eg fekk nokre av dei minste men likevel kjempeartig :)